Utover lovbestemt revisjon, ønskjer IHR å bidra til å utvikle kommunane i vårt distrikt. Rådgjeving er såleis eit satsingsområde for distriktsrevisjonen. Frå berre å drive kontroll, ønskjer me og å vere ein medspelar i utviklinga av kommunane i tidlege fasar av endringsprosessa. I så måte tek IHR på seg oppdrag der vi kan gjennomføre konkrete prosjekt, eller vi er rådgjevar i prosjekt som kommunane sjølv gjennomfører. IHR kan bidra med sjølvstendige faglege vurderingar på aktuelle problemstillingar i kommunane.
Døme på moglege prosjekt vil vere:
A - Brukarundersøkingar B - Konsekvensanalysar C - Kostnadsanalysar D - Kommunal organisasjonsendring E - Kommunesamanslåing
IHR tek på seg å gjennomføre oppdrag, og vil på førespurnad utarbeide tilbod med prosjektplan og pris.
|